Personvernerklæring

(Berre på nynorsk.)

Denne personvernerklæringa fortel korleis Språkbruket AS samlar inn og bruker personopplysningar.

Vår adresse er: Kyrkjevegen 23 E, 6809 Førde.

Erklæringa gjeld for følgjande: www.spraakbruket.no.

Språkbruket AS, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.

Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19), og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).

Vår databehandlar på denne nettstaden er

Mediebruket AS, Førde, org.nr. 994 576 240.

Kva for personopplysningar samlar vi inn, og kvifor gjer vi det?

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du besøkjer ei nettside.

Føremålet er å gjere brukaropplevinga betre for deg ved at nettstaden hugsar innstillingane dine, kva sider du har besøkt, innlogging og eventuelle brukarnamn og andre opplysningar som du har lagt inn og vil at nettsida skal hugse, slik at du slepp å skrive dette inn for kvar gong.

Vi bruker ikkje informasjonskapslar til å sjå kva nettsider du besøkjer etter at du har vore på nettsidene våre. Vi lagrar heller ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person.

Det er frivillig for deg som besøkjer nettsidene, å oppgi personopplysningar i samband med tenester, til dømes å få tilsendt nyheitsbrev eller å fylle ut og sende inn skjema.

Viss du besøkjer denne nettstaden, samlar vi likevel inn avidentifiserte opplysningar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi bruker til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstadene. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varer, kva nettstader brukarane kjem frå, og kva nettlesarar som blir nytta.

Opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert meiner vi at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn, tilbake til den enkelte brukar. Vi samlar inn heile IP-adressa, men IP-adressa blir avidentifisert, slik at berre dei tre første gruppene i adressa blir brukte til å generere statistikk. Det vil seie at dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, blir berre 195.159.103.xx brukte. I tillegg blir IP-adressene behandla på aggregert nivå, det vil seie at alle data blir slegne saman til éi gruppe og ikkje behandla individuelt.

Døme på informasjonskapslar som blir nytta for Google Analytics
_ga: Blir sletta automatisk etter 2 år. Blir brukt for å skilje brukarar frå einannan.
_gid: Blir sletta automatisk etter 24 timar. Blir brukt for å skilje brukarar frå einannan.
_gat: Blir sletta automatisk etter 1 minutt. Blir brukt for å fordele trafikk/spørjingar. Når Google Analytics blir distribuert via Google Tag Manager, blir denne informasjonen kalla _dc_gtm_ <egenskaps-id>.

Rettleiingar

Viss du har ein brukarkonto og loggar på denne nettstaden, lagar vi ein mellombels infokapsel for å finne ut om nettlesaren din godtek infokapslar. Denne kapselen inneheld ingen personlege data og blir fjerna når du lukkar nettlesaren. Men når du loggar inn, lagar vi fleire infokapslar for å lagre innloggingsopplysningane og skjerminnstillingane dine. Innloggingskapslar varer i to dagar, og skjerminformasjonskapslar varer i eitt år. Viss du vel «Hugs meg», vil innlogginga vare i to veker. Viss du loggar ut av brukarkontoen din, blir innloggingskapslane fjerna.

Viss du redigerer eller legg ut ein artikkel, vil det bli laga ein infokapsel i nettlesaren din. Han inneheld ingen personlege opplysningar og viser berre til innleggs-ID-en til artikkelen du redigerte. Kapselen går ut etter ein dag.

Kommentarar

Viss det er opna for kommentarar på enkelte innlegg på nettstaden, og du legg inn ein kommentar i kommentarfelt, samlar vi inn opplysningar i kommentarskjemaet, i tillegg til IP-adressa og opplysningar om nettlesaren, for å hindre søppelkommentarar. Kommentaren blir synleg for alle som besøkjer den aktuelle sida fram til du eventuelt slettar ho.

Medium

Viss du lastar opp bilde til nettstaden, bør du unngå å laste opp bilde med innebygde plassdata (EXIF GPS). Viss ikkje desse dataa er fjerna, vil dei som får tilgang til bildet, kanskje kunne sjå kor og når bildet er tatt, og kva kamera som er nytta.

Skjema

Når du kontaktar oss via skjema på nettstaden, blir dei opplysningane du legg inn, lagra bak innlogging på nettstaden, og dei blir då tilgjengelege for administrator og vår dataleverandør, i tillegg til at opplysningane blir sende til oss på e-post. Sensitiv informasjon skal ikkje sendast via skjema, sidan e-posten med dataa blir sendt ukryptert. Vi lagrar opplysningane i våre system så lenge det er behov for dei for å kunne yte dei tenestene du ber om.

Innebygd innhald frå andre nettstader

Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innhald (t.d. videoar, bilde, artiklar, deling i sosiale medium, osv.) frå andre nettstader. Slikt innebygd innhald frå andre nettstader fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadene.

Desse nettstadene kan samle data om deg, bruke informasjonskapslar, innehalde tredjepartssporing og overvake korleis du samhandlar med det tredjepartsinnhaldet. Det kan vere å spore korleis du samhandlar med innebygd innhald viss du har ein brukarkonto og er logga inn på den nettsida.

Kven deler vi opplysningane dine med?

På alle nettstadene nyttar vi informasjonskapslar (sjå forklaring lenger oppe). Viss du fyller ut skjema på nettstaden, blir dataa du legg inn, saman med tidspunkt og IP-adresse, sende til oss på e-post, i tillegg til at dei blir lagra bak kryptert pålogging i skjemaverktøyet vårt.

Data som blir sende inn via skjema på ei av desse tenestene, blir lagra på server hos vår databehandlar, som har teieplikt og som vi har databehandlaravtale med.

Kor lenge lagrar vi opplysningane dine?

Viss du kommenterer eit innlegg, blir kommentaren og opplysningane om han lagra. Det er fordi vi skal kunne kjenne att og godkjenne oppfølgingskommentarar automatisk i staden for å halde dei i kø for godkjenning.

Vi lagrar opplysningar om brukarane som registrerer seg her, t.d. alle som har tilgang til å redigere innhald på nettstaden, så lenge som dei sjølve ønskjer å ha brukartilgang. Alle brukarar kan sjå, endre og slette personopplysningane sine når som helst, men dei kan ikkje endre brukarnamn. Administratorar på nettstaden kan òg sjå og endre desse opplysningane.

Viss du har sendt oss opplysningar via eit skjema, eller har eit kundeforhold til oss, lagrar vi opplysningane så lenge det er naudsynt for å kunne yte tenester til deg. Vi ønskjer å behalde dataa også etter at vi er ferdige med å vere leverandør eller har behandla førespurnaden frå deg, for å kunne sjå historikken og dermed betre kunne hjelpe deg ved seinare høve.

Kva rettar har du over opplysningane dine?

Viss du har ein brukarkonto, eller har skrive kommentarar på denne nettstaden, kan du be om å få ei eksportfil med alle dei personopplysningane vi har om deg, mellom anna alle opplysningane du har gitt oss. Du kan òg be om at vi slettar alle personopplysningar vi har om deg. Kontakt oss dersom du vil at vi skal gjere dette. Dette gjeld likevel ikkje data vi må lagre av administrative grunnar, juridiske grunnar eller tryggleiksgrunnar.

Har du spørsmål om dette, eller om korleis vi elles behandlar personopplysningar vi innhentar gjennom andre kanalar, kan du gjerne ta kontakt med oss på jorunn@spraakbruket.no eller telefon 481 80 440.