Blogginnlegg frå Framtidsfylket

Framtidsfylket har gjort om nettsidene sine og fjerna alle gamle blogginnlegg. Men dersom du har lyst til å lese dei, finn du dei her nedanfor.

**

Den etterlengta heimkomsten – eller?

30 år etter at eg forlèt Sogn og Fjordane som 6-åring, var eg tilbake ved utgangspunktet. Var det lengselen etter fjord og fjell som tok overhand? Var det ein livslang draum som gjekk i oppfylling? Det heile var nok litt meir tilfeldig …

Årsaka til at eg hamna i heimfylket igjen, må vi til Italia for å finne. Mannen min kjem nemleg derfrå, og han har alltid hatt lyst til å busette seg i Noreg. I 2007 fekk han napp på jobbsøknaden han hadde sendt til Airlift i Bygstad: Dei kunne godt tenkje seg ein italiensk flyingeniør, og han hadde lyst til å arbeide for dei. Dermed var vi eitt steg nærare målet om eit felles tilvære i Noreg. Og plutseleg budde vi i Førde.

Men vi var enno ikkje i mål. Eg trong jo òg noko å gjere, og i Sogn og Fjordane var det ikkje noko skrikande behov for ein person med hovudfag i translatologi og lang erfaring som omsetjar, språkvaskar og teknisk forfattar. Den tidlegare arbeidsgivaren min i Oslo løyste problemet mellombels ved å gi meg lov til å arbeide frå heimekontor, men ei slik løysing kunne jo ikkje vare evig.

Så kva var alternativa mine? Eg kunne sjølvsagt søkje på andre jobbar eller omskolere meg. Har ein lyst til å arbeide, finn ein alltids noko å gjere. Men det hadde jo vore kjekt å få brukt utdanninga si og arbeide med noko ein verkeleg brenn for …

Kunne det tenkast at det var behov for kompetansen min i Sogn og Fjordane? Kvaliteten på delar av det skriftlege materiellet som blir produsert i fylket, kunne tyde på det. Men ein ting er at eg oppfattar det slik, utfordringa er å overtyde bedrifter i fylket om at det kan lønne seg å bruke ressursar på profesjonell språkhjelp. Ville dei bli glade for å få tilbod om tenestene mine, eller ville eg ende opp som ein som prøver å lære gamle hundar å gøy – og berre endar opp med skeptisk knurring? Det var berre éin måte å få svar på det spørsmålet på, og snart var den vesle bedrifta «Språkbruket» ein realitet.

No har eg vore sjølvstendig næringsdrivande i snart eit halvt år. Korleis har det gått så langt? Det er krevjande å stå på eigne bein, men eg har òg fått mykje hjelp undervegs. Eg vil særleg trekkje fram Alkymisten-kurset til Innovasjon Norge. Her lærte eg mykje om å drive eiga verksemd, og ikkje minst var det inspirerande å bli kjend med andre gründerar. Først og fremst er eg glad for at eg torde å ta spranget. Det er tilfredsstillande å skape noko sjølv, og eg slepp å bruke resten av livet på å lure på kva som ville skjedd dersom eg hadde vore litt modigare.

Og korleis er eg blitt motteken av mine potensielle kundar? Klarer eg å overtyde næringslivet i Sogn og Fjordane om at dei har noko å vinne på å presentere seg i profesjonell språkleg innpakning? Det er utan tvil eit langt lerret å bleikje, og eg er heldig som allereie har eit nettverk av kundar i andre delar av landet. Elles kunne eg ikkje leve av dette slik situasjonen er i dag. Men eg arbeider målretta og gler meg over kvart eit lite lyspunkt.

Og livet elles? Slett ikkje så gale! Det er interessant å oppdage heimfylket på nytt – ein ser ting på ein annan måte som vaksen enn som barn – og ikkje minst er det spennande å vere vitne til korleis mannen min oppfattar sine nye omgivnader. For ein som er fødd og oppvaksen i Milano, er det mykje som vekkjer både undring og begeistring, til dømes torvtak, ungar som leikar ute uansett vêr, pølsekiosken på ferja, postkassar med trollmotiv, julebord med pardans, salt lakris og «rushtrafikken» i Førde sentrum. Vi gjer stadig nye oppdagingar, og eg skal halde dykk oppdatert om utviklinga!

**

Ein veit aldri kva som kan komme til nytte

Ei av mine største utfordringar ved å bu i Sogn og Fjordane er transport. I mitt tidlegare urbane liv klarte eg meg aldeles utmerka til fots, med sykkel og ved hjelp av kollektivtrafikk. Men eg innser at for å kunne bu i heimfylket må eg utvide reiserepertoaret mitt.

Rundt omkring i Førde tek eg meg fram ved å gå eller sykle, og skal eg reise til ein større by – til dømes Bergen – går det ekspressbuss. Det er mellomdistansane som er utfordringa.

I haust måtte eg ein tur til Dale. For meg var buss eit naturleg val. Kvart på åtte tusla eg heimanfrå, og ein halvtimes tid seinare sat eg på det som etter kvart viste seg å vere ein skulebuss. Då vi kom fram til Bygstad, hadde sjåføren overlevert alle ungane til lærarane deira, og det var på tide å overlate ansvaret for meg til ein kollega. Nærare bestemt han som køyrer den artige kombibussen med varer bak og passasjerar (i dette tilfellet: passasjer) framme. Vegen vidare gjekk innom diverse nærbutikkar og bedrifter med leveransar. Men vi kom fram til slutt. Halvannan time for tidleg, faktisk. For viss eg hadde teke neste buss, ville eg komme fram altfor seint. Så då blei det kaffipause på kafeen i Dale sentrum. Eg hadde vore undervegs i fire timar då møtet begynte. Med bil ville eg brukt ein times tid.

Eg liker godt å reise kollektivt og har ikkje tenkt å slutte med det, men eg innser at det innimellom er praktisk å køyre bil. Det er jo heilt naturleg at kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane er mindre omfattande enn tilsvarande tilbod i Oslo. Det bur færre folk her, og det må eg ta konsekvensen av.

Jau, eg har førarkort. Det er det ein kan kalle pent brukt. Men plutseleg har det komme til nytte, og eg bruker det av og til. Det går heilt fint når eg køyrer rett fram på bein veg. (Spesielt dersom vegen er brei og det ikkje er så mange andre som er ute og køyrer samtidig.) Dessverre strever eg fælt med å rygge, og dersom eg står overfor valet mellom å køyre bak ein traktor i nokre kilometer og å køyre forbi, skal ikkje traktoren sjå vekk frå at han får selskap. Om han så har gjødsel i tilhengaren.

Ein skulle tru at mannen min, den urbane italienaren, ville ha same problem som meg, men nei. Er du van med å lukeparkere med eit par centimeters klaring i Milano sentrum, er vestlandske krunglevegar reine barnematen.

Det er det altså ikkje for meg. Men eg jobbar med saken. Eg har nett køyrt tur-retur Sande heilt åleine, og verken eg eller bilen fekk varige mein. Ein aldri så liten siger, og slike har eg bestemt meg for at det skal bli fleire av. Eg har det nemleg ikkje med å gi meg så lett.

Men sånn inntil vidare: Om du treffer meg på ein trong veg der det ikkje er plass til oss begge, får du ein ven for livet om DU ryggar 😉

**

Historia om kontorrotta som flytte til Førde og blei arbeidsmaur

Det er heldigvis travle dagar i den vesle verksemda mi, men med lange, lyse kveldar burde det likevel vere mogeleg å nyte det fine sommarvêret vi hatt hittil i juni. Trudde eg.

I vinter tok Marco og eg ei avgjerd som skulle forandre somrane våre for alltid: Vi kjøpte oss hus. Med hage. Det har gitt oss mykje å gjere og mykje å lære.

Vi treng berre ta ein titt på naboane våre for å forstå at huseigarar i Førde ikkje ligg på latsida. Eg har berre kjent desse eksemplara av arten nokre få månader, men har allereie registrert følgjande:

  1. Dei er utruleg flittige. Dei putlar alltid med noko: snikrar, målar, grev, plantar osb. Og dersom dei ein sjeldan gong sit i ro, er eg temmeleg sikker på at dei driv og klekkjer ut nye ting å putle med.
  2. Dei kan imponerande mykje. Uansett kva vi novisene spør om, har dei svaret.
  3. Dei har enorme mengder verktøy og reiskapar. Sjølv kom eg til Førde utstyrt med ei gullande rein verktøykasse med eit par unbrakonøklar oppi, så det seier seg sjølv at læringskurva har vore bratt.

Marco er meir praktisk av seg, men som italienarar flest har han inga erfaring med vedlikehald av trehus. Og då er det godt å ha nevenyttige kollegaer å spørje om råd: Heime hos oss er det ikkje mange avgjerder som blir tekne utan at Bjarte og Arild har fått høve til å uttale seg. Pluss dei flittige og hjelpsame naboane, sjølvsagt.

Sidan byrjinga av juni har vi brukt praktisk talt all fritida vår til å måle hus. Så mens du kanskje har kost deg i sola, har eg arbeidd i skuggen iført ufikse og stadig meir målingsflekkete klede. Eg har plutseleg eit forhold til ting som kraftvask og heftgrunn, og eg har aldri tidlegare følgt så nøye med på vêrmeldinga. Det er nesten så eg kjenner meg litt vaksen.

Parallelt med dette prøver vi å utvikle grøne fingrar. Vi har nemleg òg nokre kvadratmeter med hage. For ikkje å gape over for mykje på éin gong, har vi begynt litt forsiktig – litt salat, nokre jordbærplanter, ei (!) tomatplante, litt urter og nokre blomar – og vi ventar spent på årets avling. Går det bra, blir ambisjonane garantert større til neste år!

Vi har med andre ord nok å hengje fingrane i. Vi er i nærast konstant aktivitet, og puselankane er i ferd med å utvikle seg til arbeidsnevar. Likevel innser eg at eg neppe kjem til å bli ein like flittig maur som naboane våre. I staden drøymer eg om å gjere som kattane deira: finne meg ein plass i sola, strekkje meg ut og berre nyte livet. Eg skal berre måle litt til først …

**

Førstereisgut på festivalskuta

Eit av sommarens store høgdepunkt for oss som bur i Førde, er Førde internasjonale folkemusikkfestival. Etter to år som publikummar gjorde eg denne gongen alvor av å melde meg til å jobbe som frivillig.

Eg hamna på kontoret for artistservice. Her har dei ansvaret for å hjelpe artistar, artistkontaktar, bussjåførar og arenaansvarlege undervegs i festivalveka. Ulike små og store spørsmål og problem dukkar alltid opp, og dei må gjerne handterast der og då.

Sidan ein av naturlege årsaker ikkje veit på førehand kva slags problem som kjem til å oppstå, er det vanskeleg å førebu seg. Ein lyt berre hoppe i det og støtte seg til dei som har erfaring frå før. Som nybegynnar i artistservicebransjen fekk eg heldigvis putle med små og konkrete oppgåver: gjere innkjøp, hente/bringe blomar, låse opp/att dører, køyre instrument/artistar/høgtalarar dit dei skulle, bere utstyr, finne folk som kunne hjelpe til andre plassar, dele ut T-skjorter til artistar, kople PC til prosjektør, osb. Inga oppgåve for stor, inga oppgåve for lita.

Det skulle òg vise seg at ingen oppgåver var umogelege: Dei som har ansvaret for artistservice, har verkeleg ei utruleg evne til å finne løysingar, og ikkje minst til å behalde roa når det stormar. Hatten av for dei!

Det interessante og lærerike ved å bidra som frivillig er at du får eit lite inntrykk av kor mykje som må klaffe for at publikum skal få ei god festivaloppleving. Eg fekk oppleve korleis dei arbeider med det som gjeld artistane, men i tillegg må til dømes billettsal, transport, scenemannskap, filmsnuttar, grafisk design, lyd, lys, journalistar, mat og blomar handterast. Kvart år er det rundt 350 frivillige i sving.

Som takk for mitt vesle bidrag fekk eg festivalpass, og det brukte eg til å få med meg nokre fine konsertar. Eg har ikkje sjølv bakgrunn frå eller spesielle kunnskapar om folkemusikk, men eg let meg begeistre av musikken, dansen, språka, fargane og stemninga. Ein har ikkje noko å tape på å ha eit ope sinn: Du veit ikkje om du likar noko, før du faktisk har prøvd, så kvifor ikkje gi ting ein sjanse?

For meg er festivalen som ein stor godtepose med berre nye sortar: Det er mange spennande smakar, og innimellom oppdagar ein nye favorittar!

**

Ny i Førde?

Når sommaren er over og haustsesongen begynner, er det mange som flyttar på seg – til dømes for å studere eller å begynne i ny jobb. Statistisk sett hamnar òg nokon i Førde. Er du ein av dei?

Førde var kanskje ikkje førstevalet ditt? Kanskje kjenner du ingen her? Kanskje regnar det? Uansett kva utgangspunkt du har, er det ein ting som ikkje nyttar: sitje aleine og sjå negativt på tilværet.

Eg snakkar av erfaring, for eg har flytt mange gonger, og eg hadde slett ikkje det beste utgangspunktet då eg kom til Førde: Verken eg eller mannen min, Marco, kjende nokon då vi flytte hit. Vi kom til Førde fordi Marco hadde fått jobb her. Kollegaene mine var i Oslo, og sjølv sat eg aleine på heimekontor. Og når ein sit heile dagen aleine og knottar på ein PC, blir ein ikkje kjend med spesielt mange. Men du verda, kor rastlaus ein blir!

Så kva kunne eg gjere? Eg kunne jo vente på at sunnfjordingane tok initiativet til å bli kjende med meg, men eg innsåg fort at då risikerte eg å måtte vente lenge. Eg valde i staden å bli med på organiserte aktivitetar av ymse slag, og som ei lita teneste til deg som er ny her, har eg laga ei lita liste over aktivitetar som eg personleg har kvalitetssikra:

  1. Ein ting dei fleste er samde om, er at det er fantastisk natur og framifrå turmogelegheiter rundt Førde. Og dei er det heilt gratis å utforske. Men om du slit med til dømes tiltaksløyse eller manglande retningssans, gir medlemskap i Den Norske Turistforeining deg høve til å bli med Indre Sunnfjord Turlag (www.istur.no) på deira mange utflukter.
  2. Noko av det mest effektive ein kan gjere for å komme i kontakt med folk, er å melde seg inn i kor eller korps. Sidan songstemma mi er noko skral, valde eg i staden å børste støvet av ein klarinett som hadde ligge urørt lenge. Har du lyst til å spele, er du alltid velkommen hos dei glade musikantane i Førde Ungdomskorps (www.fukorps.com).
  3. Små kontorrotter som sit i ro heile dagen, har godt av fysisk fostring. Eg har hatt stor glede av treningssenteret Spenst (www.spenstforde.no) og det varierte tilbodet deira. No er det ikkje slik at du nødvendigvis blir kjend med folk gjennom å trene ved sidan av dei, men det hjelp uansett på humøret og helsa å røre litt på seg.
  4. Innimellom har ein godt av å gjere ting ein ikkje kan. Ein ting eg definitivt ikkje kunne, men som eg var nysgjerrig på, var magedans. Eg troppa derfor opp på nybegynnarkurs hos Happy Hips (www.happyhips.net). Og der er det lov til å kløne så mykje du berre vil! Den gode nyheita er at også kløning er god styrketrening, og at du kan gjere det til akkompagnement av fengande arabisk musikk.
  5. Dersom du er interessert i å lære noko nytt, bør du òg sjekke kurstilbodet hos Folkeuniversitetet i Sunnfjord (www.fusf.no). Her finn du alt frå studiar på universitetsnivå til språkkurs for deg som har lyst til å seie «Kan du vise meg vegen til togstasjonen?» eller «Eit glas kvitvin, takk!» på språket dei innfødde snakkar, når du er på ferie.

Det finst sjølvsagt mykje meir å velje mellom. Dette var berre det vesle utvalet eg har rokke å teste ut i løpet av to år. Kanskje nokon har lyst til å bruke kommentarfeltet nedanfor til å tipse om andre ting ein kan vere med på i Førde?

Og kva får ein så igjen for å kaste seg ut i aktivitetar? Mi erfaring er at du trivst uendeleg mykje betre dersom du sjølv gjer ein innsats for å trivast. Lukke til!

**

Ein veit aldri kva framtida vil bringe

Nyleg var eg på jubileum saman med gamle medstudentar. Sjølv om det var mange år sidan sist vi såg kvarandre, kjendest det som om det var i går. Likevel kunne vi konstatere at mykje hadde skjedd. Og ikkje alt var planlagt.

Det var ein gong 20 unge og håpefulle som bestemte seg for å studere fagomsetjing. I løpet av studiet begynte det å ane oss kva vi hadde gitt oss ut på, for slik er det ofte: Du vel noko du tykkjer høyrest interessant ut, men kva det eigentleg går ut på, veit du ikkje før etterpå. Nokre bestemte seg faktisk allereie mens dei studerte, for at dei ville gå i ei anna retning seinare.

For 15 år sidan tok vi avsluttande eksamen og fekk papir på at vi kunne brukast som fagomsetjarar, men dette var på den tida Noreg nett hadde sagt nei til EU. Derfor var ikkje utsiktene til å få seg arbeid som omsetjar dei beste. Ved hjelp av eige pågangsmot og ein god porsjon tolmod kom likevel alle i arbeid. Men ein gong omsetjar, alltid omsetjar? Ikkje nødvendigvis …

For eit par veker sidan var vi samla igjen. Sjølvsagt arbeidde mange av dei frammøtte framleis med språk, men blant oss hadde vi òg til dømes ein IT-konsulent, ein kosthaldsrettleiar og ein styrmann. Også geografisk var det stor spreiing, men felles for oss alle var at dersom nokon for 15 år sidan hadde fortalt oss kva framtida hadde å by på, hadde vi neppe trudd på dei.

Sjølvsagt er det mange som har teke medvitne val når dei har flytt eller bytt arbeid, men mykje er òg heilt tilfeldig. Sjølv er eg ein av dei som har vore uoriginal nok til å bruke omsetjarutdanninga til å arbeide som omsetjar, men det var to ting eg ikkje ville sett brurekista mi på då eg var nyutdanna: at eg skulle ende opp i Førde, og at eg skulle bli sjølvstendig næringsdrivande.

Det var så til dei grader aldri planen. Likevel er det nettopp det eg gjer. Og mange spør meg om det er liv laga å drive med slikt ute i distrikta. Eg veit sjølvsagt ikkje korleis det vil fungere på lang sikt, men 1. oktober feirar verksemda mi 1-årsjubileum, og så langt har det gått fint. Å selje språktenester er ikkje noka gullgruve, men eg klarer å leve av det. Ikkje først og fremst takk vere kundar i Sogn og Fjordane, men eg er glad for dei som finst! Fleire er velkomne, men eg innser at det tek tid å byggje opp ein ny marknad.

Eg begynte forsiktig med kontor i eit hjørne av stova, men etter kvart kjende eg meg såpass trygg på det eg dreiv med, at eg tok sjansen på å leige meg kontor i Førde sentrum. Det kjennest godt å ha ein ordentleg arbeidsplass, og etter ei stund på heimekontor er det stor stas å vere del av ein kontorfellesskap der eg ser folk kvar einaste dag! Og dersom eg samanliknar situasjonen med det han var for eitt år sidan, er det mykje anna å gle seg over òg. Det går sakte, men sikkert i rett retning!

Livet mitt har heilt klart forandra seg sidan eg hadde fast jobb som omsetjar i Oslo. Men angrar eg på at eg la om kursen? Nei. Det er sjølvsagt ting eg saknar frå den tida, men samstundes opnar det seg nye mogelegheiter.

Men om eg hadde angra, hadde det vore verdas undergang? Neppe. Det er som kjent inga skam å snu. Ein klok person har sagt at det finst ingen feile val, berre nye val. Eg trur ein har godt av litt forandring innimellom, og det er i alle fall ingen ting å vere redd for! Det kan både eg og mine gamle medstudentar skrive under på.

PS: Lurer du på kva blomsterbiletet har med saka å gjere? Ikkje noko anna enn at eg er veldig stolt av dei fine solsikkene eg greidde å dyrke fram i sommar – ei av mange positive overraskingar i seinare år!

**

Frå Milano til Førde: eit godt byte eller ei kjelde til heimlengsel?

Dei fleste kan nok tenkje seg at overgangen frå millionbyen Milano til ikkje-fullt-så-urbane Førde er stor. Men kva tykkjer eigentleg ein som er fødd og oppvaksen i Milano, om sitt nye tilvære som førdianar in spe?

Mannen min, Marco, har alltid vore fascinert av Noreg og har lagt ferien hit mange gonger opp gjennom åra. Men éin ting er å vere turist. Det er noko heilt anna å faktisk bu her. Korleis opplever han det? Her er noko av det han fortel:

  1. Auka livskvalitet: Milano har mykje å by på for dei som besøkjer byen, til dømes kunst og kultur. Men for dei 1,3 millionar innbyggjarane (berre i sjølve bykjernen) består kvardagen òg av kø og stress når dei skal til og frå arbeid, trafikkaos i gatene og luftforureining. No klagar rett nok førdianarane òg på rushtrafikk, og det er ikkje fritt for at Marco tykkjer det er litt festleg. Som innflyttar set han pris på den friske lufta i Sunnfjord og på at han ikkje treng å bruke store delar av fritida i kø til og frå arbeid. Dessutan har han naturen så å seie rett utanfor stovedøra!
  2. Enklare byråkrati: Med eitt stor unntak – det viste seg å vere utruleg komplisert å få ein utanlandsk bil fortolla og omregistrert i Noreg – oppfattar han norsk byråkrati som både effektivt og lett tilgjengeleg. I ein liten kommune som Førde er det ikkje snakk om å stå i kø i timevis for å få snakke med nokon på skattekontoret, hos lensmannen eller i banken. Han er dessutan imponert over kor enkel og ryddig prosessen rundt kjøp og sal av bustader er. For ikkje å snakke om kor lykkeleg han blei då han fekk tilsendt ei førehandsutfylt sjølvmelding!
  3. Ærlege folk: Folk i Sunnfjord er generelt ærlege og til å stole på. Dessutan har dei ein rørande tillit til at du òg er ærleg og til å stole på. Vi kjem aldri til å gløyme dama på lampebutikken i Førde sentrum som lèt oss låne med ein lampeskjerm heim på prøve heilt utan vidare. (Sjølvsagt kom vi tilbake og betalte! Og vi blei så gledeleg overraska over tilliten ho viste oss, at vi sjølvsagt er blitt faste kundar.)
  4. Mindre kriminalitet: Det skjer sjølvsagt alvorlege ting her òg, men når du er van med å måtte passe deg for lommetjuvar uansett kor du går, kjennest Førde nokså trygt. Det ser ein òg på kor lite dramatikk som skal til for at ei sak hamnar på førstesida i lokalavisa: Høgdepunkta så langt er jenta som blei fråstolen sykkelen sin enda han sto inne i ein (ulåst) garasje, og mannen som fann ein flått i trusa midtvinters.
  5. Lite restaurantbesøk: Italienarar er sosiale folk, og i Milano er det vanleg å gå ut og ta seg noko å drikke eller litt å ete rett etter jobb. Førdianarar held seg mykje heime, og dersom ein samanliknar med talet på butikkar i sentrum, er det påfallande få restaurantar. Her har vi kanskje noko å lære?
  6. Uformell atmosfære på jobb: Då Marco arbeidde i Italia, gjekk han i dress og var dis med sjefen sin. Hos Airlift får han lov til å gå i T-skjorte og bruke fornamnet til alle kollegaer. Dessutan har han registrert at journalistar seier Jens til statsministaren. Er det verkeleg lov?!
  7. Betre fordelt velstand: Noko av det første Marco la merke til i Førde, var at folk generelt har store, flotte hus og bilar. Innbyggjarane har det med andre ord godt materielt sett. Seinare har han likevel lagt merke til at sjølv om dei har dyre bilar, er det sjeldan du ser noko oppsiktsvekkjande dyrt. Og det sant: Det er ikkje så mange som har Porsche eller Ferrari i Noreg. Det er nok eit teikn på at kontrastane er større i Italia.
  8. Kulinariske kuriositetar: Italienarar har ein annan måltidsrytme enn nordmenn. Blant anna har dei lengre lunsjpause på jobb, slik at dei gjerne går ut og et eit varmt måltid. Men den luksusen blei det fort slutt på då han bestemte seg for å flytte hit. Synet av ei gjennomsnittleg norsk matpakke ville truleg fått mange av Marco sine landsmenn til å stortute, men han tok det heldigvis med fatning: Han gjekk og kjøpte seg ein alvorleg svær matboks, testa ut kva slags pålegg som egna seg best på nistematen, sette seg inn i viktige detaljar som bruk av mellomleggspapir, og er no ein habil matpakkesmørar.

Noko som er litt artig, er at Marco måtte til Noreg for å finne ut kva pepperoni-pizza er. På italiensk finst nemleg ikkje ordet «pepperoni». Dei har noko som heiter «peperoni», men det tyder paprika og har ikkje noko med krydra spekepølse å gjere. Og ananas – frukt! – på pizzaen? Kven fann på det? Neppe ein italienar.

  1. Tekniske nyvinningar: Sjølv kosar eg meg når eg får rusle rundt i ein italiensk matbutikk og kike på alle dei spennande matvarene. Men når Marco er ute og handlar i Førde, er det få ting som er meir stas enn panteautomatar og brødskjeremaskiner. Det har dei nemleg ikkje i Italia!

Marco hadde skyhøge forventningar før han flytte til Førde for drygt to år sidan. Har livet i Noreg blitt slik han trudde, eller viste det seg å vere heilt annleis enn han hadde sett for seg? Svaret er at det er mykje å lære – ikkje minst eit nytt språk – men at han ikkje har tenkt seg heim til Milano med det første!

**

Førde før og Førde no

Eg hadde ikkje vore i Førde før eg flytte hit for drygt to år sidan. Eg kan derfor ikkje uttale meg om korleis det var før, men mange fortel meg at Førde har endra seg veldig i seinare år. Og då er det jo klart eg blir nysgjerrig på kva eg har gått glipp av …

Då eg fortalde folk frå andre delar av landet at eg skulle flytte hit, blei eg møtt med anten sarkasme («Førde? Skal seie du er heldig!»), djup medkjensle («Førde? Huff, stakkar …») eller total mangel på kunnskap («Førde?»). Etter å ha budd her ei stund, har eg registrert at dei som bur her, ser ut til å trivast, og at fleire snakkar om den positive utviklinga dei har vore vitne til dei siste åra.

Så korleis var det eigentleg her før? Tidlegare i haust kom eg tilfeldigvis over ein omtale av Førde som stod på trykk i 1936. Der beskriv Kristian Elster det Førde han hugsar frå barneåra sine, som må ha vore på slutten av 1800-talet. Her kan de lese kva han skriv:

Det er lett nok å se og lett å innrømme med – at naturen i Sogn og Nordfjord er langt mere imponerende og storslått enn naturen i Sunnfjord. Og over Førde er det noget lukket og stengt – Jølster som er en fjellbygd, virker allikevel mere åpen og strålende. Førde er ingen bygd for turister – de reiser gjennom den og finner utsikten fra Lien meget vakker og bygden tiltalende. Men det vakreste i en bygd som Førde, – og det gjelder vel de fleste Sunnfjords-bygdene, – det ligger gjemt, det er intimt og inderlig, det åpner i stemning, og stemningen er her ikke rettet utad, den stråler ikke, den er dempet, fin, næsten blek. Mest intimt sig selv er naturen i Førde en mild dag med stille regn og bløt luft og lett slør over fjellene, med dempet sus av regnet gjennom bjerkene og sterkere sus fra bekkene. Det dufter av or langs vatn og elv og av bjerk alle vegne. Det er et sølvlys over de grønne markene og over havene. Det er noget stilt, noget hensunket i sig selv i naturen, noget vemodig, men ikke knugende. Storelven går mektig og sølvblank gjennom dalen, stilt, men med dype hvirvler. Og over hele dalen ligger duret fra fossene – fra Halbrendfossen eller fra Brulandsfossen – eftersom luftdraget står.

Men det er dessverre ikke alltid regnet er det stille og bløte. Ingen Sunnfjordsentusiast vil nekte for at det regner svært meget, – at også somrene kan bli ødelagt av ukevis striregn. Men når det så klarner op og solen bryter igjennem, er det som et under av glitter og lys og farver og duft. Jeg vet intet sted hvor gresset er så friskt, grønt og soleiene så gule og himmelen, når den klarner, så skinnende blå.

                Men høsten og vinteren er tunge å komme igjennem. Regn, styrtregn, uke efter uke, måned efter måned. Jeg kan huske et år det regnet uten ophold fra slutten av august til nyttårsdagen, – har jeg hørt fortelle, er det vel best å legge til. Et tungt, susende mørke. Da stiger Jølstra langt innover markene og høit opunder broen som står og skjelver i strømmen. Og dypt inne i mørket hører en ras fra fjellene. Det er angst i mørket, i suset, i det evige tunge suset fra regn og elv. Og det er vel den lange, mørke høst og vinter som merker folket og gjør det stiltfarende og tungt og tålmodig og utholdende.

(Utdrag frå «Minner fra Førde i Sunnfjord» av Kristian Elster, Den norske turistforenings årbok 1936.)

Det som slår meg, er at dette faktisk liknar på det Førde eg kjenner: Eg trur ikkje sunnfjordingane er blitt mindre stillfarande og tolmodige med åra, og dårleg vêr hadde dei tydelegvis i gamle dagar òg. Dessutan skjønner eg kva han meiner når han seier at Sunnfjord kanskje ikkje er den mest imponerande delen av Vestlandet. Men aller viktigast: Eg støttar Kristian Elster i at her finst skjulte skattar, og at ein kan ha fine dagar her likevel!

PS: Du tykkjer kanskje det er lite verdsvant av ein årdøl å ikkje ta seg ein einaste liten tur til Førde før ein er godt oppi trettiåra? Og eg skjønner at det kan verke underleg. Men då eg flytte frå fylket som barn, hadde vi ikkje Fjærlandsvegen og andre nymotens oppfinningar som gjer avstandane i fylket mindre. Sånn sett kan nok både eg og Kristian Elster konkludere med at verda trass alt går framover!

**

Vår første jul i Sunnfjord. Eller: «Det gjekk jo bra, jo. Så rart!»

For ganske nøyaktig to år sidan gjekk eg rundt og var redd for at vi hadde teke oss vatn over hovudet. Vi venta nemleg storinnrykk til jul.

Nøyaktig korleis det gjekk til, er eg framleis litt usikker på, men i 2008 hadde vi klart å invitere så mange julegjester at vi blei 10 stykke i ei lita kjellarleilegheit. Dette var dessutan aller første gongen vi skulle arrangere jul sjølve. Og å vere vertskap for julefeiringa er noko heilt anna enn å setje seg på toget og reise heim til ferdig jul, slik eg hadde vore van med.

Blant gjestene var nokre vener frå Italia, inkludert foreldra til ein av dei. Mor hans hadde nemleg hatt ein draum heilt sidan ho var lita jente: å feire jul i eit nordisk land. Draumen hennar var truleg inspirert av postkort med vakre vinterlandskap og snø. Eg prøvde tappert å forklare at i Førde var regn og skodde minst like sannsynleg, men italienarane heldt på sitt: «Slapp av, du kan no skjønne det blir snø når vi kjem!»

Gjestene våre var proppfulle av forventning, og utover hausten kom det stadig nye spørsmål: «Kan vi få sjå nordlys? – Det tør eg ikkje å love …» «Et nordmenn hummar i jula? – Nei, men eg kan by dykk på litt røykelaks.» «Er det komme snø enno? – Nei, ikkje i dag heller …» Og ikkje minst: «Kva skal de ta oss med på?» Nei, sei det. Midtvinters er det berre nokre få timar dagslys, i Førde er det ingen garanti for godt vêr, og alt – absolutt alt – er stengt i jula. Likevel: Forventningane deira steig og steig. Det same gjaldt panikken min.

Eg fekk rett når det gjaldt vêret. Det blei både regn og skodde, og den einaste snøen vi fekk vist fram, måtte vi heilt til Langeland for å finne. Dessutan var han både kompakt og gammal. Det blei heller ikkje nordlys eller hummar på dei, men eg hadde likevel uroa meg utan grunn. Gjestene våre tykte nemleg Førde var ein flott plass, og dei fann nok av ting å glede seg over.

På julaftan kunne vi til dømes overraske med eit lite kulturinnslag. Som Førde Ungdomskorps og alle våre kollegaer i showbiz veit, er det nokon som aldri tek heilt fri, og på formiddagen var det duka for ein liten konsert på sentralsjukehuset. Der kunne sjukehuspresten og hans gode hjelparar by på norske julesongar akkompagnert av korpset, gang rundt juletreet, kaffi og julekaker. For våre italienske gjester – som er vane med ugifte prestar – var det dessutan veldig eksotisk å få helse på ei ekte prestefrue.

Vel heime etter konserten var det stor stas med søt risotto (eller risgrynsgraut, som vi pleier å kalle det) og marsipangris til ho som fann mandelen. Pinnekjøt var ingen stor slager, men kålrotstappe og moltekrem gjekk ned på høgkant. Det same gjaldt småkakene som snille slektningar og vener hadde gitt oss.

Dagane fortsette med små ting som vekte begeistring. Det var ting vi nordmenn kanskje ser på som sjølvsagde, men som ikkje er det: ungane som gjekk julebukk og song julesongar, naboane som kom for å helse på, knusinga og etinga av (eit litt amatørmessig) peparkakehus siste kvelden. Og rett og slett det å oppleve noko annleis og samtidig vere i lag med kjende og kjære.

Då dei var på veg til Bergen for å ta flyet heim, fekk vi ein SMS om at dei – innimellom etinga av dei siste restane av peparkakehuset, som dei hadde fått med som niste – akkurat hadde sett ein fantastisk soloppgang langs fjorden ut mot Lavik. For dei var det prikken over i-en.

Moralen er: Det skal ikkje alltid så mykje til for å få ei triveleg og minnerik jul. Så lenge ein klarer å glede seg over dei små tinga, kan stemninga likevel bli stor. Så stress ned, og ha ei retteleg god jul!

**

Stadig nye utfordringar

Etter at eg flytte ut i distrikta, tek eg meg stadig i å gjere ting eg aldri hadde tenkt eg skulle gjere. Denne veka er ikkje noko unntak.

Då eg budde i Oslo, sylta eg aldri. Eg hadde heller ikkje Coop-kort, og eg ville syntest det var snodige greier dersom folk uoppmoda fortalde meg kor mange vinterfôra sauer dei hadde. No verkar plutseleg ikkje slike ting så sære lenger. Og det er ikkje berre slike småting som har endra seg.

Eg har tidlegare vore inne på at ein aldri veit kva framtida vil bringe. Ein kan til dømes skaffe seg ei temmeleg smal og spesialisert utdanning for så å ende opp i Førde. Som du kanskje har gjetta, er ikkje dette dømet heilt tilfeldig valt …

Fordelen med å vere utdanna omsetjar er at du kan arbeide frilans og i prinsippet jobbe kor og når du vil. Denne fridomen set eg stor pris på i dag, men eg har framleis mange yrkesaktive år igjen, og kva for alternativ har eg i Sogn og Fjordane dersom eg ein dag får lyst til å byte arbeid eller kombinere omsetjinga med noko anna?

Når du bur på ein plass der det ikkje finst så mange relevante jobbar for deg, meiner eg det vil vere ein fordel å vere mest mogeleg allsidig. «Du kan jo undervise i språk!» seier folk stadig til meg, og det kan eg sjølvsagt. Eller kan eg det? Å kunne eit språk er ikkje det same som å kunne lære det frå seg. Derfor begynte eg i haust på eit deltidsstudium for å skaffe meg såkalla praktisk-pedagogisk utdanning. Det gir folk som har universitetsutdanning i eit eller anna fag, mogelegheit til å byggje på utdanninga si og bli kvalifiserte lærarar.

I første omgang handlar PPU-studiet strengt tatt mest om å finne ut kva læraryrket går ut på. I heile haust har vi lese om korleis vi skal lære frå oss, og no på nyåret skal vi opphalde oss på ein skule i seks veker for å sjå om vi klarer å setje teori ut i praksis.

Mi oppgåve er å undervise 9.-klassingar i Førde i engelsk og norsk, og det er ikkje fritt for at eg har vore litt skjelven ved tanken. Det er aldri enkelt å skulle kaste seg ut i noko nytt – det er heilt klart mykje meir behageleg å gjere ting ein veit ein meistrar. Og det gjer det ikkje akkurat enklare at prøvinga og feilinga skal skje med 25 kritiske 15-åringar som tilskodarar – eller offer, om du vil.

Trøysta har heile tida vore at eg skulle få lov til å vere med som observatør første veka, slik at eg kunne lære av erfarne skulefolk. Det har vore utruleg lærerikt! Skulekvardagen har endra seg enormt sidan eg sjølv gjekk på ungdomsskulen – det begynner jo å bli eit par år sidan – så det har vore mykje å setje seg inn i.

Når du les dette, er eg truleg i full gang med å undervise sjølv – vel å merke under rettleiing. Eg merkar at eg gruar meg litt mindre no som eg har fått møte elevane og sett korleis dei er, men ei stor utfordring blir det uansett.

Uansett korleis det går, kjem eg garantert til å lære noko av det. Og eg veit at dersom eg ein dag bestemmer meg for å undervise på ordentleg, vil denne erfaringa vere særs viktig både for meg og mine framtidige elevar. Så eg har lite å tape. Men det skadar sjølvsagt ikkje om du kryssar fingrane for meg!

**

Dei usynlege

Sogn og Fjordane dukkar stadig opp på skjermen for tida: Framtidsfylket lagar film med døme på alt det spennande ein kan arbeide med her i fylket, og NRK skal vise spektakulære opptak av ekstremsport ved Sognefjorden. Men ein reality-serie frå eit omsetjarkontor i Førde ville truleg vore dårleg fjernsyn.

Å arbeide som omsetjar handlar mykje om å sitje i ro, teie still og knotte på ei datamaskin. Slikt blir det ikkje spennande TV av, men det betyr ikkje at det er keisamt for oss som driv med det – berre at det meste av arbeidet skjer inne i hovuda våre.

Omsetjarar gjer vanlegvis lite vesen av seg, og på mange måtar er det målet med arbeidet vårt òg. Ein god omsetjar er nemleg ein usynleg omsetjar. Dersom du merkar at omsetjaren har vore der – til dømes dersom du stoppar opp og stussar over unorske formuleringar, eller dersom du ler høgt av ein brølar i tekstinga på TV – er du truleg vitne til lite vellukka omsetjingsarbeid. Men dei mange tusen gongene du har lese omsett tekst utan å reagere, har ein eller annan gjort godt – og lite oppsiktsvekkjande – arbeid.

Eg arbeider mest med fagspråk. Det høyrest kanskje litt keisamt ut, men arbeidet mitt er utruleg variert. Eg set om reklamekampanjar, nettsider, artiklar, brosjyrar, rapportar, nyheitsbrev, kontraktar, årsmeldingar, brukarrettleiingar og dataprogram – berre for å nemne nokre få døme. Det er sjølvsagt ikkje alle tekstar som er like spennande – det er sant å seie dei færraste eg brukar som sengelektyre – men alle tekstar inneheld utfordringar, og ønsket om å skape eit godt resultat er alltid ei sterk drivkraft.

Dei beste resultata oppnår ein vanlegvis i samarbeid med andre. For det er ikkje slik at eg arbeider i isolasjon: Ei omsetjing er ofte eit resultat av samarbeid med kunden, andre omsetjarar og fagfolk. Det er mange bitar som må falle på plass, og det er omsetjaren som legg puslespelet. Eg kjem borti stadig nye fag og emne, og eg lærer noko nytt heile tida.

Kanskje har du lese noko eg har omsett? Det er ikkje så usannsynleg, men eg håpar strengt tatt at du ikkje stoppa opp og tenkte over det. For nokre gonger er det faktisk best å vere usynleg!

PS: Lurer du på kven han med skjegget er? Det er ingen kvensomhelst på togaparty, nei. Det er St. Hieronymus, omsetjarane sin vernehelgen. (Måleriet må eg gi Albrecht Dürer æra for.)

**

Kulinariske utfordringar i integreringsprosessen

Kva skal til for å bli ein ekte vestlending? Marco og eg trudde vi begynte å få taket på det, men så oppdaga vi noko vi hadde gløymt …

Vi har verkeleg prøvd: Vi tuslar rundt i regnklede, lagar våre eigne sveler, kjøper kortreist mat på Bondens marknad og har vore på folkemusikkarrangement. Marco har til og med fått smaken på gammalost, medan eg har strekt meg så langt som til å høyre heile «Stao no pao» på YouTube. Men på eitt viktig punkt har vi altså svikta.

Eg burde skjønt det allereie i fjor haust. Ei av dei eg deler kontor med, hadde plutseleg raspeballar til lunsj. Eg må ha sett litt spørjande ut, for før ho kasta seg over dei, tok ho seg tid til å forklare: «Det er torsdag.» Utan at eg blei særleg klokare av den grunn. Ikkje tenkte eg noko meir over det heller.

Inntil for eit par veker sidan. Då var fleire sunnfjordingar samla på eitt brett – pluss oss to novisene. Samtalen kom inn på raspeballar. Marco hadde ikkje smakt det, men han blei fort tilgitt. Det er trass alt mykje å setje seg inn i når ein kjem til eit nytt land, og sjølv sunnfjordingar innser at potetballar kjem eit lite stykke ned på lista. Så langt var alt vel.

Samtalen fortsette med at alle skulle forklare dei andre kva som var det rette tilbehøyret til raspeballar. Bacon, saltkjøt, kålrotstappe, sukker, sirup – kreativiteten ville ingen ende ta. Og spørsmålet måtte sjølvsagt komme: «Kva et du saman med raspeballar, Jorunn?» Lett raud og stammande måtte eg innrømme at eg aldri hadde smakt det.

Det blei heilt stilt. Og det var stilt lenge, heilt til nokon summa seg og fekk stilt det naturlege spørsmålet: «Men kvar i alle dagar har du budd hen?» Svaret er fleire plassar, og det snodige er at på mange av desse plassane har nettopp ulike former for potetballar vore ein lokal spesialitet. Så kvifor har eg aldri smakt det? Eg veit ikkje. Eg har ete mykje rart og har ikkje medvite prøvd å unngå raspeballar, men det har liksom aldri blitt til det.

Men på reaksjonane eg fekk, har eg skjønt at Marco og eg må leggje ut på ei lita kulinarisk reise. På ein torsdag. For at det er den offisielle raspeballdagen – ja, det er noko alle veit. I alle fall har vi lært det no!

**

Ein omsetjars kvardag

I eit tidlegare blogginnlegg har eg vore inne på at ein omsetjars kvardag ville vore dårleg fjernsyn. Men korleis er eigentleg ein typisk dag for ein omsetjar i Førde? Lat meg invitere dykk med på kontoret mitt måndag 2. mai 2011.

Kl. 07.55 kjem eg inn døra til kontoret. For eit drygt år sidan valde eg å flytte arbeidsplassen ut av heimen, og det har eg ikkje angra på. No har eg mitt eige rom i eit kontorfellesskap der eg deler kjøkken og møterom med andre små bedrifter. I dag er eg førstemann på jobb, og eg tek ansvar for å rydde litt på kjøkkenet og setje på oppvaskmaskina før dei andre kjem. Deretter opnar eg innboksen og ser om det er meldingar eg må svare på. I dag er det lite, og det heng nok saman med at eg arbeidde nokre timar på søndag …

Kl. 08.15 set eg i gang med det som hastar mest: språkvask av nokre dokument. Språkvask handlar om å redigere tekstar for å sikre at dei har korrekt grammatikk og rettskriving, at språket flyt godt, og at tekstane er tilpassa målgruppa. Desse dokumenta inngår i eit stort prosjekt, og eg har lovd å levere nokre forslag til kunden i god tid før onsdag. Då skal vi nemleg ha eit møte for å diskutere vidare framdrift på prosjektet med utgangspunkt i mine forslag.

Kl. 09.00 har eg sendt forslaga til kunden, og sidan vi akkurat har gått over i ein ny månad, må eg bruke litt tid på kontorarbeid. Eg sender ut fakturaer for april månad, kontrollerer at eg har kontroll på alle vedlegg som rekneskapsføraren kjem til å trenge, sjekkar om alle kundar har betalt for seg, og betaler nokre rekningar sjølv, inkludert forskotsskatt. Då eg var fast tilsett, var det alltid arbeidsgivaren min som tok seg av slikt, medan eg kunne konsentrere meg om å bruke det eg fekk utbetalt. Som sjølvstendig næringsdrivande må eg heile tida passe på at eg held av pengar til skatt, moms, forsikring, pensjon osv. Det er veldig uvant, må eg innrømme, men så langt har eg kontroll.

Kl. 10.25 har eg fått unna kontorarbeidet for denne gongen, og eg gyv laus på dei siste av ein masse spørsmål eg har fått frå ein kunde eg gjorde ei omsetjing for tidlegare i vår. Det er eit viktig dokument med lang levetid, så kunden har sett ned ein komité som skal diskutere omsetjinga og komme med tilbakemelding. Dei har gått veldig grundig til verks – dei lurer mellom anna på kva som er best av «flott» og «utmerkt» – og eg må ta stilling til heile 124 punkt. Det er sjeldan ein møter på så engasjerte og kvalitetsmedvitne kundar. Dei beste resultata oppnår ein vanlegvis i samarbeid med kunden, så dette lover bra.

Kl. 11.20 må eg lese korrektur på ei lita omsetjing som har frist i dag. Teksten er liten, men svært spesialisert, så omsetjinga har etter måten teke lang tid. Igjen er eg så heldig å stå overfor ein kvalitetsmedviten kunde som bidreg med både terminologilister dei har laga sjølv, og svar på spørsmål eg har stilt om innhaldet. Etter korrekturen gjer eg dei siste rettingane og leverer teksten.

Kl. 12.05 er eg så svolten at eg held på å svime av, så det er på tide med lunsjpause. I dag er det – i tillegg til meg sjølv – berre revisorane inst i korridoren som er på kontoret, og dei klarer visst ikkje å rive seg laus frå tala sine heilt enno. Derfor blir det lunsj i einsam majestet i dag, men sjølv om det ikkje er utprega sosialt, er det likevel godt med ei pause frå arbeidet.

Kl. 12.25 har eg ete opp nistepakka, og det er på tide å gjere nytte for seg att. Eg begynner med kvalitetssikring av eit prosjekt som ikkje har noko med omsetjing eller språk å gjere: Eg har teke på meg å formatere ei handbok. Omsetjarar må ofte klargjere produkta sine til publisering, så formatering er ikkje nytt for meg, men det er sjeldan eg berre gjer den delen av jobben. Men eg set pris på varierte arbeidsoppgåver, så dette er berre kjekt!

Kl. 13.30 fortset eg på eit tilbod eg begynte på ved påsketider, og som eg må sende frå meg denne veka. Tilbod er litt som puslespel: Du må hente inn informasjonen kunden ber om, til dømes få tak i referansar, foreslå ein måte oppgåva kan løysast på, rekne ut kor lang tid du treng, og setje ein pris på det heile. Det er mykje å tenkje over, og av erfaring er det ikkje smart å utsetje alt til siste dagen. Derfor tek eg det litt innimellom.

Kl. 14.40 kan eg endeleg begynne på det som er hovudprosjektet mitt denne veka og neste: Eit stort omsetjingsprosjekt der temaet er organisasjon og leiing. Temaet er interessant, og eg har godt referansemateriale. Derfor kjem eg godt i gang, og eg ser positivt på resten av prosjektet.

Kl. 15.50 begynner eg på «dei faste postane»: timeliste, sikringskopiering og plan for neste dag. Deretter tuslar eg heimover for å ete middag og begynne på dette blogginnlegget.

Har dette vore ein typisk dag for meg? Både ja og nei. At eg jobbar med mange forskjellige prosjekt – og ikkje berre med omsetjing – er vanleg, men akkurat i dag har det kanskje vore litt mindre produksjon enn det vanlegvis er. Det skuldast først og fremst at det er første dag i ein ny månad, og at eg må få unna litt kontorarbeid. Det heng igjen saman med at når du driv eit enkeltpersonføretak, har du mange forskjellige roller: I tillegg til å ta deg av produksjonen må du vere dagleg leiar, sentralborddame, marknadsføringsansvarleg, økonomiavdeling, webredaktør, reinhaldar, IT-ansvarleg osv. Det kan vere krevjande, men det er lærerikt – og ikkje minst motiverande når du ser at innsats nyttar.

Men no er det på tide å kople av med noko heilt anna, for allereie i morgon kjem det ein ny arbeidsdag med nye utfordringar!

**

Kontorsommar

No er det den tida igjen: Lærarvener nyttar eitkvart høve til å fortelje meg at dei har to månader sommarferie, og offentlege kontor innfører sommartid for dei tilsette. Men kva med stakkars meg, då?

Lat meg begynne med å understreke at eg ikkje har tenkt å sitje på kontoret heile sommaren. Eg skal ha ferie – men alt med måte, dessverre. Kanskje du er i same båt? I så fall vil du kanskje setje pris på lista eg har laga over ting ein kan gjere for å komme i sommarstemning sjølv om ein ikkje har ferie.

  1. Høyr på Reiseradioen på NRK P1

Badetemperaturar og eskortemeldingar er rett nok ikkje særleg relevant når ein sit tørt og trygt på kontoret. Men likevel: Dette er lyden av sommar.

  1. Tripp rundt på kontoret i småsko og sommarkjole

Dette føreset (kanskje) at du er av hokjønn, og (definitivt) at kontoret ikkje er utstyrt med eit klimaanlegg som krev fleecejakke året rundt.

  1. Ta lunsjen ute

Ta med deg nistepakka ut på næraste benk eller plen.

  1. Unn deg ein is

Når motivasjonen begynner å svikte – dette skjer gjerne i totida, når du begynner å bli lei, men det framleis er for tidleg til å gå heim – kjøper du deg ein is og tek ein bitte liten pause.

  1. Gjer ting du ikkje får gjort elles

Når resten av landet er på ferie, er det ofte litt færre telefonar og førespurnader. Det gjer sommaren til ei ideell tid til å rydde på kontoret, datamaskina osv. Kanskje du til og med rekk å lese litt faglitteratur som gir deg inspirasjonen du treng for å ta fatt på hausten? Det gir litt sommarstemning å ha rolege dagar òg.

  1. Tenk på alt det kjekke du skal gjere i ferien

Dersom du ikkje har hatt ferie enno, kan du dagdrøyme om alle dei kjekke tinga du skal gjere når du endeleg får ferie. Det går òg an å godte seg litt over at kollegaene som no er på ferie, må jobbe når du får fri. (Det må innrømmast at sistnemnde ikkje fungerer like godt i eit enkeltpersonføretak.)

  1. Gjer noko sommarleg når du ikkje er på jobb

I den lyse årstida er det mykje att av dagen når du er ferdig på arbeid. Du kan til dømes grille, bade, spele badminton, putle i hagen eller ete jordbær. Og du verda for ein luksus det er å kunne ta seg ein roleg spasertur i dagslys sjølv om klokka viser seint på kvelden!

  1. Høyr på sommarmusikk

Du har heilt sikkert musikk som minner deg om lange, lyse, late dagar. Set han på! Eg lover at det skapar sommarstemning!

God sommar!

**

Persillebonden

Noko av det beste ved å bu på ein mindre plass er at det er mogeleg å bu sentralt og likevel ha tilgang til hage. Og i hagen kan ein dyrke sine eigne grønsaker!

Som sagt, så gjort. Vi laga ein liten, men feiande flott kjøkkenhage og sette i gang med stor entusiasme. Sjølv om sommarvêret var til dels elendig her i vest, putla vi på. Og jammen er det moro når ein ser resultata av eige arbeid – sjølv om resultata kanskje ikkje var så imponerande …

Lat meg presentere årets avling:

  • 2–3 nevar dill
  • 3 porsjonar salat
  • 3 jordbær
  • 2 agurkar*
  • 132 rips
  • 3–4 nevar basilikum
  • mykje persille – årets klare avlingsvinnar!

* Men agurkplanta Arnold, som får bu inne i stova og derfor ikkje er så utsett for vêr og vind, har enno ikkje lagt ned produksjonen!

Men viktigast av alt: Kva lærdom kan eg ta med meg vidare?

  1. Vi blei ikkje sjølvberga i år heller.
  2. Planter liker sol òg. Ikkje berre regn. (Høyrer de det, vêrgudar?)
  3. Å reise på ferie lèt seg ikkje kombinere med å vere seriøs hagebrukar.
  4. For småskalaprodusentar som oss er det meir motiverande å telje bæra enn å vege dei.
  5. Reddikar må lukast med hard hand dersom det skal bli noko action under jorda òg.
  6. Tabbouleh er ein ypparleg rett dersom du har god tilgang på persille.
  7. Heimedyrka frukt og grønt smakar godt.
  8. Heimedyrka frukt og grønt som det er lite av, kjennes eksklusivt.
  9. Det går an å supplere eigen produksjon med innkjøpte varer frå profesjonelle dyrkarar.
  10. Rom blei ikkje bygd på éin dag.

… og neste år satsar vi på rekordavling!

**

Gründerlunsj

Eg innrømmer det så gjerne. Eg har gått rundt og vore litt misunneleg på det aktive gründermiljøet i Sogndal. Men i det siste har det vore små lyspunkt i Førde òg – blant anna tilbod om gründerlunsj!

Den første tysdagen i kvar månad inviterer Sunnfjord Næringsutvikling til gründerlunsj. Eg har nytta meg av tilbodet fleire gonger og er særs nøgd med både smørbrøda og det faglege innhaldet.

Så langt har vi mellom anna snakka om tilskotsordningar for nystarta bedrifter, om revisjon og om kva Sunnfjord Næringsutvikling og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane kan hjelpe gründerar med. Det finst eit hjelpeapparat for folk som vil drive eiga bedrift, men når du er fersk, kan det ofte vere vanskeleg å orientere seg i denne verda. Det er ein av grunnane til at eg har sett stor pris på dei faglege presentasjonane som lunsjane alltid blir innleidde med.

Dessutan får vi nokre gonger høve til å reise på bedriftsbesøk! Hittil har både Deloitte og Hellenes opna dørene. Når det gjeld sistnemnde, var eg nok litt i tvil om kor relevant eit besøk hos ei bedrift der karar med hjelm og vernesko lagar store maskiner, ville vere for ein omsetjar, men eg valde å gi opplegget ein sjanse. Og eg angrar ikkje. Sjølv om kontrastane er store til det eg driv med, var det utruleg inspirerande å sjå at ei bedrift på under ti år kan vekse frå ingenting til 40 tilsette.

Men kanskje det aller kjekkaste rett og slett er å få høve til å treffe andre som er i same båt som ein sjølv. Vi driv rett nok med svært ulike ting – alt frå fysioterapi, kunsthandverk, arkitektur, rådgiving og webdesign til maskinproduksjon – men vi har éin viktig ting felles: Vi har alle valt å ofre fast løn, gode sjuke- og pensjonsordningar, fast arbeidstid og (kanskje) samvær med kollegaer fordi vi har ein idé vi trur på. Ein kjenner seg nokre gonger i overkant annleis, og iblant begynner ein å tvile på om ein har gjort rett. Og då hjelp det å treffe likesinna!

Også for Førde og Sunnfjord vil eg tru det er mykje å vinne på å ta vare på dei som skaper arbeidsplassar for seg sjølve og andre. Det er gode tilbod om etableringskurs her i regionen, men det kjem ei tid etter etableringsfasen òg, og då er slike arenaer utruleg viktige. Kanskje kan det skapast nye idear og nye mogelegheiter når gründerar treffest? Kanskje lærer ein noko nyttig? Eller kanskje ein berre rett og slett får litt ekstra motivasjon til vidare satsing? Uansett: Eg gler meg til å sjå programmet for våren!

Tusen takk til Sunnfjord Næringsutvikling!

**

Nye tider – igjen!

Tidlegare kunne eg omtrent resirkulere julekorta frå fjoråret, for det hende ikkje alltid så mykje revolusjonerande i løpet av eit år. Men plutseleg begynte ting å skje …

Eg veit ikkje om alt har med Sogn og Fjordane å gjere, men faktum er at i løpet av dei fire åra eg har budd her i vaksen alder, har mykje endra seg i livet mitt.

Det begynte med at eg etter 14 år og 3 månader i same jobb – ja, eg er kanskje ikkje av dei mest eventyrlystne – kasta meg ut i det og starta mi eiga verksemd, Språkbruket. Skummelt nok, men spennande og lærerikt. Og heldigvis vellukka så langt.

Parallelt med dette har eg teke vidareutdanning i pedagogikk og blitt kvalifisert som lærar. Som om ikkje det var nok, blei eg vald til kasserar i korpset og måtte lære meg bokføring. Milde himmel! Så blei det hus og hage. Og katt. Og bil hadde det i mellomtida blitt vanskeleg å klare seg utan. Stadig nye ting å setje seg inn i, altså.

Men det var først i vår vi verkeleg slo til. Då blei mannen min og eg foreldre for første gong, og jammen blei det ikkje tvillingar! Dessverre følgjer det ikkje brukarrettleiing med slike små rakkarar, så det har blitt enda ei bratt læringskurve. I tillegg til alle dei konkrete tinga eg må lære meg, må eg venje meg til å leve på ein heilt ny måte. Blant anna har eg innsett at alle mine gamle tidsanslag no må gangast med pi. Minst.

Kor mange av desse endringane skuldast eigentleg at eg har flytt ut i distrikta? Tja, jobbskifte, vidareutdanning, hus, hage, katt og bil er direkte resultat av at eg ikkje lenger bur i storbyen. Kasserar kunne eg nok blitt uansett, men eg ser at eg bruker fritida mi litt annleis no enn før: På større stader er det mange fleire ikkje-organiserte aktivitetar ein kan delta på, og behovet for å melde seg inn i ein frivillig organisasjon blir derfor mindre.

Når det gjeld å få ungar, hadde det vore like sannsynleg og naturleg om eg framleis hadde budd i urbane strok. Men våre tvillingar vil nok få eit anna liv i Førde enn dei ville fått på ein større plass. På godt og vondt. I storbyen er tilboda fleire og mangfaldet større. Samstundes er tempoet høgare, og livet kan fort bli meir stressande. Men uansett kor ein bur hen, trur eg det er viktig å fokusere på dei fordelane ein har, og etter beste evne prøve å kompensere for dei tinga ein saknar. I Førde set eg til dømes stor pris på at eg bruker lite tid på transport til dagleg, men saknar nokre gonger større mangfald – noko eit storbybesøk i ny og ne kan hjelpe på.

Innimellom blir eg reint svimmel av alle endringane som har skjedd dei siste åra, men dersom eg hugsar å ta éin ting om gongen, går det som regel greitt. Og eg har i alle fall noko å fortelje når eg etter kvart skal til med juleposten att!