Skriving av informasjonsmateriell

Kva inneber det?

Med skriving av informasjonsmateriell meiner eg å forfatte innhald til f.eks. brukarrettleiingar, brosjyrar og websider. Eg kan hjelpe dykk med å få informasjon ned på papiret og å tilpasse bodskapen til målgruppa.

Kvifor?

Det kan være positivt for sluttresultatet at ein utanforståande forfattar bidreg i prosessen. Lang erfaring som teknisk forfattar gjer at eg raskt set meg inn i nye fagområde. Samstundes vil eg som utanforståande lett kunne setje meg i lesarane sin stad.

Korleis?

Eit vellukka resultat føreset eit nært samarbeid mellom forfattar og kunde. Det er kunden sine medarbeidarar som kan faget og kjenner målgruppa, medan eg kan bidra med å strukturere og presentere det dei kan.

Programvare:

I tillegg til Office-pakken meistrar eg til dømes FrameMaker, Adobe Acrobat og dokumentasjonsverktøy som RoboHelp og Doc-To-Help.