Omsetjing

Eg arbeider med desse språkkombinasjonane:

  • frå engelsk til norsk
  • frå svensk til norsk
  • frå dansk til norsk

For visse teksttypar tilbyr eg òg omsetjing frå tysk og italiensk til norsk.

Som andre profesjonelle omsetjarar tek eg berre oppdrag til mitt eige morsmål, som er norsk. Men eg set om til både bokmål og nynorsk – valet er ditt!

Eg arbeider mest med fagspråk og har erfaring frå omsetjing av blant anna rapportar, brukarrettleiingar, programvare, websider, juridiske dokument, årsmeldingar og marknadsføringsmateriell.

Programvare: I tillegg til Office-pakka meistrar eg til dømes FrameMaker og vanlege omsetjingsverktøy som SDL Trados Studio og Memsource.

Medlemskap

Eg er medlem av desse omsetjarorganisasjonane:

  • NORFAG er ei foreining for omsetjarar som har seriøs bakgrunn innan fagomsetjing. For å bli medlem i NORFAG må ein ha enten omsetjarutdanning eller relevant praksis. Du kan lese meir om foreininga her: http://www.norfag.org/
  • NFFO (Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening) er ei fagforeining for sakprosaforfattarar og omsetjarar av sakprosa. Medlemskap i NFF blir tildelt forfattarar og omsetjarar som har publisert minst eitt sakprosaverk på 200 000 teikn (med mellomrom) eller 100 trykte sider eige bidrag i eit anna verk. Du kan lese meir om foreininga her: http://www.nffo.no/

Omsette bøker

Klikk her for å komme til ei liste over bøker som Jorunn Seim har sett om til norsk.